Fangegard 歌詞

Vreid

  • 作詞:
  • 作曲:
  • 編曲:

收錄於專輯《I Krig》(2008) ・ 瀏覽 31 次

Det kom som lynnedslag, gjekk som skred
Den gangen det slo oss ned
Det overmektige mange
No går det langsamt - Atter vår
Og Noreg er ein fangegard
Kvar nordmann er ein fange
Usynleg piggtråd tett I tett
Spent ut I eit forgreina nett
Om skritt, om ord, om tankar
Ja, du kan sitta fast ein dag
Om berre dine hjarteslag
For openhjartig bankar
Kvar nordmann er I fangeskap
For den som har med ærestap

Kjøpt friteikn frå tyrannen
Er ikkje nordmann meir,
Men sjølv
Ein vaktar
Eller vaktars trell
Med trellens teikn I panna
Men dei skal hugsast - Bli ein sum
Som kviler I oss, tung og stum
Og vel kan overmakta
Få lært ein modig fot å gå,
Men alder norske hjarter til å slå
I denne fengselstakta
回歌手頁

Fangegard的評論

  • 歌詞吧

    暫時無任何評論,搶先留下第一則吧!#1